fbpx

Helse Bergen sterkt kritisk til Rusreformutvalgets forslag

Helse Bergen sterkt kritisk til Rusreformutvalgets forslag

Helse Bergen, Haukeland universitetssykehus har avgitt et sterkt kritisk høringssvar til Rusreformutvalgets innstilling.

Helse Bergen har drøftet Rusreformutvalgets innstilling i en tverrfaglig arbeidsgruppe bestående av fagfolk fra fagområdene tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidelser, psykisk helsevern for barn, psykisk helsevern for voksne, og akutt- og mottaksmedisin.

Blant hovedpunktene i Helse Bergens høringssvar:

“ikkje godt nok forskingsbelegg for å sei at verken kriminalisering eller avkriminalisering har ei effekt på rusåtferd”

Om avkriminalisering

“Ein har etter vår innsikt ikkje godt nok forskingsbelegg for å sei at verken kriminalisering eller avkriminalisering har ei effekt på rusåtferd på individ- eller samfunnsnivå, eller om det er ei samanheng mellom politikk og bruk av rusmiddel. […] Når utvalet viser til forsking eller gode erfaringar med avkriminalisering frå andre land, må det spesifiserast kva populasjon denne gjelder (pasienter med rusmiddelavhengighet, rekreasjonsbrukarar, ungdommar etc.) og kva utfallsmål eller effekt det vises til (helsegevinstar for den enkelte, leveår, førebygging og prevalens av rusmiddelbruk i et samfunn over tid, kriminalitet, skader til tredjepart etc.), korleis denne effekten er målt og over kor lang periode.”

Risiko ved introdusering av nye rusmidler

“Når det lovlege rusmiddelet vi har i dag, alkohol, kvart år fører til enorme personlige og samfunnsmessige kostnadar, både helsemessig, sosialt og økonomisk, er det etter vår forståing grunn til å vere forsiktige med å redusere terskelen for bruk av ytterligare rusmiddel i befolkninga. Vi ser allereie endra risiko-oppfatningar blant unge, reduserte narkotikapriser, auka tilgjengelegheit og sterkare rusmiddel. Dette er nokre element som samla sett vil kunne dra i retning av auka bruk.”

“grunn til å vere forsiktige med å redusere terskelen for bruk av ytterligare rusmiddel i befolkninga”

Om effekt for rusavhengige og stigma

“NOUen sine tiltak knytt til personar som har eit rusproblem er vektige. Å straffe alvorleg sjuke personar er lite tenleg både for den einskilde og for samfunnet, og det er positivt at NOUen er så klar på dette feltet. Rusreforma har ei eksplisitt målsetting om å redusere stigma knytt til bruk av rusmidlar. Vi er ikkje sikre på at avkriminalisering vil bidra til å oppnå dette. Vår erfaring med kontakt med menneske med ruslidingar er at stigma knytt til rus oftare handlar om åtferd, livsførsel og sosial situasjon enn sjølve rusbruken.”

Betydningen av å formidle restriktive holdninger

“Basert på kjennskap til vår eigen pasientpopulasjon trur vi den mest effektive måten å redusere skadeleg bruk av rusmiddel i befolkninga er å utsette rusdebut så lenge som mogleg, og hjelpe føresette til å formidle restriktive haldningar til rus til eigne barn.

“Mindreårige bør vere avgrensa som ei brukargruppe”

Manglende differensiering av brukergrupper

“Mindreårige bør vere avgrensa som ei brukargruppe, med ulike undergrupper av fyrstegangsbrukarar, rekreasjonsbrukarar og problembrukarar. Dette byggjer på utviklingspsykologisk forståing og kjennskap til barn og unge sin nevrologiske sårbarheit for rus i ulike aldersgrupper.”

Om foreslåtte terskelverdier for “eget bruk”

“Evidensgrunnlaget for kva som er vanlege brukardoser for dei ulike illegale rusmidla er mangelfult og varierer så stor grad at ein etter vår oppfatning bør operere med lågare terskelverdiar enn fleirtalet i utvalet har gått inn for dersom avkriminalisering blir aktuelt. Vanskar med å anslå generaliserbare terskelverdiar kan vidare tale i mot at avkriminalisering er riktig vei å gå. Ein uheldig konsekvens ved høge terskelverdiar kan vere ei generell auka risiko for narkotikaomsetting, og spesifikt kan det gi meir handlingsrom for organisert narkotikaomsetting.”

“Forslaget om ein modell som skal inkludere personar både over og under 18 år kan tyde på manglande forståing for den nevropsykologiske utviklinga til ungdom og unge vaksne.”

Om å inkludere barn og ungdom i den samme modellen

Forslaget om ein modell som skal inkludere personar både over og under 18 år kan tyde på manglande forståing for den nevropsykologiske utviklinga til ungdom og unge vaksne. Evna til å vurdere konsekvensane av eigne handlingar blir seint utvikla, og bør takast med når ein utformar hjelpetiltaket som skal ivareta ungdom som nyttar rus. Vi finn at NOUen sitt framlegg om ei kommunal rådgjevingseining i for liten grad tek inn over seg at unge treng grenser. […]

Dersom ein kun tilbyr rusrådgjeving til unge er vi redd for at målsettinga frå straff til hjelp berre blir proforma. Utvalet avviser etter vår meining for raskt dei gode effektane ein har observert i tiltaka «Tidleg ute» og «TIUR», sjølv om tiltaka ikkje har vært studert i omfattande grad. Utvalet påpeiker at tiltaka er ressurskrevjande, men vår erfaring med dei menneskelege og samfunnsmessige kostnadane knytt til langvarig rusbruk tilseier at kostnadar knytta til tidleg intervensjon er mindre.

Behov for sanksjoner ved manglende oppmøte av mindreårige

“Det bør vidare vere oppmøteplikt for unge under 18 år, med moglegheit for å nytte sanksjonar dersom ein ikkje møter. Til dømes henting til rådgjevingssamtalen dersom dei ikkje møter, ambulant oppsøking for å gje rusrådgjeving eller varsling til foreldre. Grad av sanksjon bør samstemmast med eventuell avkriminalisering, men det er vurdert som for sårbart for unge at manglande oppmøte ikkje får konsekvensar.”

“Etter vår meining bør det enten medføre sanksjonar å ikkje møte, eller så bør rusrådgjevingstenesta vere eit tilbod”

Manglende oppmøte hos råpdgivingsenheten generelt

“Vidare verkar det underleg at ein planlegg å implementere ein modell som vil krevje mykje ressursar og personell, når ein legg opp til at det ikkje vil vere noko sanksjonar knytt til å ikkje møte. Etter vår meining bør det enten medføre sanksjonar å ikkje møte, eller så bør rusrådgjevingstenesta vere eit tilbod, ikkje noko politiet kan pålegge ein å møte til. Av allmennpreventive omsyn ser vi dette som viktig å endre i modellen, særleg med tanke på rekreasjonsbrukarar.”

Trinnvis implementering av modellen

Det hadde vore nyttig om ein kunne gjere rusreforma som eit forskingsprosjekt i nokre delar av Noreg i fyrste omgang, og deretter evaluere om modellen kan eller bør implementeras eller ikkje. […] I denne samanhengen hadde det og vore interessant å forske på om alternativ respons til straff vil bidra til fornya hjelp til dei som slit mest og meir offensiv førebygging og tidlig intervensjon overfor barn og unge med begynnande rus/helse/problem med livssituasjon.

“gjere rusreforma som eit forskingsprosjekt i nokre delar av Noreg i fyrste omgang”

Om utvalgets sammensetning

“Samansetjinga av utvalet speglar ikkje denne målsettinga [fra straff til hjelp], og vi meiner at dette blir reflektert i den føreslåtte modellen og terskelverdiane som vi meiner i for liten grad er bygd på klinisk erfaring og ekspertise, og i for stor grad på juridiske og politiske strømingar. Etter vår meining burde utvalet vore samansett av klinikarar, rusforskarar og erfaringskonsulentar som jobbar i fagfelten

 

“den føreslåtte modellen og terskelverdiane [er] i for liten grad bygd på klinisk erfaring og ekspertise, og i for stor grad på juridiske og politiske strømingar”

 

 

 

No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.

Newsletter Powered By : XYZScripts.com