fbpx

Rus og venstresida

Rus og venstresida

Rus og venstresida, innlegg av Solveig Bendixen publisert i Dagsavisen 4. januar 2021. (Republisert med tillatelse)

Vi treng ei rusreform, men vi treng ikkje avkriminalisering. At også Raudt og SV går inn for avkriminalisering, er mildt sagt underleg. Det strir i mitt hovud mot alle antikapitalistiske prinsipp. Er det nokon som verkeleg tener på fri konkurranse og marknadsliberalisme, må det vel vere narkotikaindustrien? Og er det noko som kan øydelegge livet for folk, så er det vel nettopp rus?

er det noko som kan øydelegge livet for folk, så er det vel nettopp rus?

Rekreasjonsbrukarar med nok pengar kan sikkert klare å kontrollere bruken ei stund, men eg trudde ikkje dette var målgruppa for venstresida? Prisen for ein auka tilgang på stoff er det som vanleg dei svake i samfunnet som må betale.

Etter at AP sa nei til rusreformforslaget, har legaliseringstilhengjarane intensivert innsatsen for å påverke opinionen. Forkjemparar for avkriminalisering/legalisering er stadig i media og bles opp fillesaker til skandalar.

Rusliberalistane og legaliseringsforkjemparane sin femtiårige kamp kulminerte i Norge med rusreformforslaget. Den 416 sides lange rapporten handlar då også først og fremst om avkriminalisering/legalisering. Konkrete forslag til tiltak og hjelp for dei rusavhengige er mest fråverande.

Se også

6 problemer med forslaget til rusreform

Hvis en rusreform skulle resultere i økt narkotikabruk, er dette dels et helseproblem. Jo større rusbruk desto flere vil utvikle problematisk rusbruk med fare for liv og helse og pårørendes livskvalitet. Men det er også et kriminalitetsproblem. Narkotikaomsetning er på grunn av de store summene…

Å kalle avkriminalisering for «hjelp» og dagens politikk for «straff», er sjølvsagt rein demagogi.

Å kalle avkriminalisering for «hjelp» og dagens politikk for «straff», er sjølvsagt rein demagogi. Det er galskap å erstatte vårt etablerte førebyggingssystem der politi, skule, barnevern og helsevesen samarbeider, med nye kommunale nemnder utan finansiering. Vi må hugse på at vi inntil nyleg var eitt av dei landa i Europa med lågast forbruk av narkotika blant unge. Mykje tyder på at vi har med skodebrød og sterkt vikarierande motiv å gjere her.

Kamp mot rusgifter har historisk vore ei av arbeidarrørsla sine fremste og viktigaste saker. Skiljelinene i ruspolitikken går ikkje mellom legalisering og avkriminalisering, men mellom ein liberal og ein restriktiv ruspolitikk.

Kamp mot rusgifter har historisk vore ei av arbeidarrørsla sine fremste og viktigaste saker

Burde det ikkje blinke eit lite lys i Raudt og SV når «tobakk-Andresen» sjølv går inn for legalisering? I USA skaper no investering i cannabisindustrien enorme fortenester.

Mitt inderlege ønskje er at partia vaknar og ser kven sine interesser dei tener når dei går inn for avkriminalisering. Synd om det blir Frp som igjen får fronte fornufta i denne saka.

 

No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.

Newsletter Powered By : XYZScripts.com