Jarle Tufta om narkotikaen si forvrengde røynd i Klassekampen

Jarle Tufta skriver i innlegget Narkotisk fangenskap i Klassekampen den 26. januar om egne erfaringer som rusbehandler og «den lettbeinte liberalitet»:
Fra teksten:

For rusen si forvirra røynd har følgjer for alle sider ved liv og samfunn

«Ein kan undrast om desse forståsegpåande individ har stått andlet til andlet med paranoiaen sitt vrengde grep om dei unge liv, og vore med på den vande, ofte vonlause veg for å koma ut av narkotikaen sitt grep?»

«Ein undrast om dei veit kor massivt problem rusing kan bli om det liberale ideal skal sletta all grenseoppgang? For rusen si forvirra røynd har følgjer for alle sider ved liv og samfunn.»

«Etter tretten år med behandling av unge i denne fortvilte røynd, vekkjer det fortviling å sjå svara frå den lettbeinte liberalitet. Då eg gjekk til denne jobben, var eg sjølv i tvil og hadde mang slags tankar om kva som burde gjerast annleis i narkotikapolitikken. Etter fjorten dagars møte med unge i narkotikaen si forvrengde røynd, var denne liberaliteten dunsta bort.»